Vaka i Ølen

Vaka i Ølen

1600: «God Ager og Eng, med Fehage samt god Fieldmark. Ner Søen med en Flomsag til husbehov, og qvernbeck egen fornødenhed, såes 7 tønner havre, fødes 2 hestar, 10 kyr og 30 sauer og geiter. Påbud at plante homblehage».



Sigge Vaka
Vaka?
Lagrettesmann.
Sigge eigde halve Vaka-saga der dei kunne sage opptil 400 bord i året til husbehov.
1647: Vaka, bruker.
1663: Vaka, kjøpte part av Aksel Sehestad.
1675: Vaka, betalte 2 ½ ort i sagskatt.
1690: Vaka, bruker.
- G. m. Sigrid Eriksdatter.
Vaka?
Barn:
a. Guro. G.m. Tor Oppheim. Oppheim.
b. Guri. G.m. Anbjørn Tørresen. Ulvanes.



Rasmus Anbjørnsen c1673
Ulvanes.
Rasmus bygsla bort sin part i Vaka-saga.
- G. m. Marta
Barn:
a. Guro 1697. G. m. Orm Eio. Austre Eio.
b. Kari. G.m. Halvar Steffensen. Rabben, Eio.
c. Dorte c1711, G.m. Per Ivarsen. Alna i Vikebygd.
d. Anna c1719. G.m. Peder Perdersen. Vaka.
e. Eli d. c1763, Vaka.



Peder Pedersen 1725-1803
Stongaland?
Han fekk i 1751 bygsel på det øde «Steffensbruket». Han ble fri militærtjeneste, og slapp dessutan å betala festeavgift «og med frihed for Jordebogens indkomster hans livs tid». Han vart likevel ikkje buande der så lenge då han hadde odelsrett til gardsbruket på Vaka, og overtok dette. Peder odla til seg garden på vegne av kona Anna.
1763: Odelssak om Vaka.
1774: Stevnet Ola Vaka fordi han sette son sin til å gjeta smalen i Peder si mark. Men etter ein del vitneavhøyr vart saka utsett til neste tingsete. Då møtte berre Peder fram på tinget og «sagde at de i all kjerlighet er bleven foreent».
1776: Etter uvær og flom det året fekk dei av retten 20% nedslag i landskyld og skatt i 10 år.
retten gav dei 20% nedslag i landskyld og skatt i 10 år.
Peder og Tor Kåta kom til å krenka den «Welbaarne Hr. Capitain von Biørn», og måtte be om tilgjeving. Herremannen gjekk med på det, på grunn av «deres ydmygelse og inderlige Beden om forladelse».
- G. 1751 m. Anna Rasmusdatter 1719-1803
Vaka.
Anna hadde odelsrett til Vaka. Det visste ho godt. Alt i 1746 hadde ho fått presten til å lysa pengemangel på garden, for at ikkje odelsretten skulle verta forelda. 10 år seinare i 1756 gjorde Peder det same på vegne av kona og «anmelte at han finder sig odelsberettiget til Indre Wake som nu beboes av Nils Olsen» . Han ville ta gården på odel straks han fekk pengar til det. Og året etter i 1757, greidde han å skaffa pengane som trongst til å kjøpa garden att. Men heller ikkje dei sat trygt på Vaka. For Anna hadde ikkje den beste odelen. I 1763 lyste Ola Halvardsen Eio pengemangel «paa Peder Waches brug, som han agter i tiden at indløse». Men tre år seinare slutta han semje med Peder.
Barn:
a. Rasmus 1752. Vaka.
b. Peder 1754. G. m. Ranveig Sjursdatter. Borgøy i Nedstrand.



Anders Andersen 1797 - 1876
Skorpe.
Dei budde på plassen Myrå under Borgenvik i Nedstrand i mange år.
1819: Borgenvik, brukar.
1830: Vaka, brukar.
1844: Stevnet fordi han hadde vore uvøren då han omtala ei jente på Roa. Som skadebot måtte han gje henne husrom i fem år, gje henne fire våger havre og ei tredjedels tønne poteter samt Tilladelse til att tage brændeved i Udmarken.
1870: Vaka, kårhus på Urebøen.
- G.1. 1919 m. Anna Marta Olsdatter 1797 - 1820
Borgenvik.
- G.2.. 1822 m. Anna Pedersdatter 1789 - 1869
Borgøy i Nedstrand.
Ho var sonedotter til Anna og Per Vaka og hadde odel til garden. Ho fekk skøyte i 1818 via onkelen Rasmus Persson Vaka. Fire år seinare gifte ho seg.
- G.3. 1870 m. Åsa Olsdatter 1827
Vaka.
Barn 2:
a. Rasmus 1822. G. m. Igeborg Halvarsdatter. Vaka.
b. Anne Marta 1826. Vaka.



Rasmus Andersen 1822-1897
Vaka.
Krøtterhandler.
1849: Vaka, skøyte på halve heimegarden, men solgte ut jordepartar dei neste åra.
Rasmus fekk skøyte på halve heimegarden i 1849. Han fekk den delen som låg innanfor Vaka-elvo og reiste nytt tun der.
1864: Vaka, bygslet en part.
- G. 1845 m. Ingeborg Halvarsdatter 1824 - 1908
Nordhus.
Barn:
a. Anna Marie 1847. G. m. Hans Hansson. Bjøllebø, Fjelberg.
b. Peder 1849. Vaka.
c. Ivar 1852. Vaka.
d. Halvard 1855. Amerika.
e. Anders 1858. Island, Stavanger.
f. Kari Malene 1862. Amerika.
g. Marta 1866. Hauge1.
h. Anna 1866. Stavanger.
i. Randi 1870, Stavanger.



Peder Rasmussen 1849 - 1914
Vaka.
Krøtterhandler.
1865: Tjener på Kaathe.
1872: Vaka, bygslet.
1875: Vaka, Gaardbr. Selveier og Kreaturhandler.
1878: Vaka, kjøpte tilbake heimegarden fra Halvar Vaka som hadde emigrert til Amerika.
1900: Føderaadsmand og Fæhandler. Mellombels bustad i Bergen.
Per og Guro vart buande på eit stykke av Eio, Dei fødde eit par kyr der. Mykje av høyet rodde dei over fjorden, frå eit stykke dei pakta på Ulvanes. Ellers dreiv Peder med ein del grisahandel etter han flytta til Ølensjøen.
- G.1. 1873 i Sandeid m. Marta Sofie Olsdatter 1848-1902
Håland i Sandeid.
- G.2. 1905 i Nykirken, Bergen m. Guro Stensdatter 1858.
Heggebø.
Barn 1:
a. Ola 1873. G. m. Anna. Hadde heimegarden 1896-1903. Seattle, Amerika.
b. Ingeborg 1875. Fekk skøyte på heimegarden fra broren i 1903. Vaka.
c. Marta Karina 1877. G. m. Johan Hansen. Åkrahamn, Karmøy
d. Rasmus 1881. G. m, Anna Skjeldal frå Etne. Seattle, Amerika.
-- Peder hadde et barn m. Guro Jonsdatter 1858 Hiksdal. Sandnes.
e. Johan Severin 1882. Sandnes. Byberg i Håland (Sola).




Historie:

Vaka er eigentleg ei heil grend av gardar og bustadhus. Bøane er bakkete, men somme stader slakare. Dei skrår ned mot ei nær to kilometer lang strandlinje. Mot vest stig Kåtanuten og Kjellasviknuten bratt til vers, opp i 5-600 meters høgde over fjorden. Mellom desse nutane fossar den vassrike Vakaelvo. Ho kjem frå den mektige Vakadalen, som har store skoglier, frodige grasvoller og blaute myrar. Det er kort opp dit, men bratt og veglaust.

Rekna etter landskylda var Vaka den største garden mellom Ølensjøen og Innbjoa. Dette og den store tilgangen på tørr sjøldrenert jord tyder på gammal busetnad. Namnetypen peikar i same lei.
Etter svarteauen tilhørde Vaka-jorda bispen i Bergen. Korleis han hadde fått tak i henne veit me ikkje noko om. Derimot vei me at kongen snart fekk hand om Vaka, liksom alt det gamle bispegodset. Det skjedde straks etter reformasjnen. Derfor er garden ofte nemnd krungods i gamle dokument.

Egentleg hadde bøndene det godt på Vaka. Dei levde i romslege kår. Kvar bonde sådde kring sju tønner havre og fødde to hestar, 10 kyr og nær 30 sauer og geiter. Det var godt over gennomsnittet her i bygdene. Så matrikkelkommisjonen på 1660-talet hadde grunn til å leta vel: "God Ager og Eng, med Fehage samt god Fieldmark. Ner Søen med en Flomsag og qvernbeck". Men dei høge herrar kunne ikkje sjå noko til den homlen som kongen hadde pålagt bøndene å dyrka til eiga ølbrygging. Derfor påbaud dei straks Vaka-bøndene "at plante homblehage".

Kan henda var dei mindre opptekne av stølar og stølsdrift. For det nemnes ikkje noko slikt for Vaka sin del. Eller kansjke det slett ikkje fanst støl under Vaka i denne eldste tida. Matrikkelen frå 1723 påstår iallfall det: "Ingen Sæter". Derimot nemner han saga og "tvende smaa qverner allene til opsiddernes egen fornødenhed". Kan henda reiste dei stølen seinare, då gjerne i siste halvdelen av 1700-talet. Støl har iallfall vore til garden, i Vakadalen. Togeir Lunde har skrive dette om stølen under Vaka: "På Vaka var der støl i nedste enden av Vakadalen, oppfor Vakaskard. Først stod slølsbua der det no heiter Gamlestølen, men der var det so verhardt, seiest det at han seinare vart flutt noko oppover til søre enden av Forehaugen, der det var lunare". Her stod det ei stølsbu som Vaka-folket brukte i lag. For nære grannar kunne det vera greitt å ha somt i fellesskap.

I 1752 hadde det komme bod frå kongen at han ville ha att det gamle krungodset som danskekongen hadde pantsett til Aksel Sehestad for snart hundre år tilbake. Vakabøndene var fortvila, liksom mange andre bønder. For ingen visste skikkeleg kva garder dette galt. Dette la grunnlaget for spekulasjoner og rykte, som til dels var nokså villeiande. Så mange stod fram på tinget berre for å prova at deira garder aldri hadde høyrt til kongen eller Aksel Sehestad, og at dei som sette ut slikt rykte gjorde det "af had og misundelse". Men det kunne ikkje stikkast under en stol at Vaka hadde vore gammalt krungods og ein gong hadde høyrt til Sehestad. Likevel var det vondt å forstå at kongen kunne ta det att snart hundre år etterpå. Det var ikkje til å undrast over at Vaka-bøndene var bitre då dei møtte på tinget, berande på gamle og gulna jordebrev. Men det gleid over i det likaste laget. Sjøl om kongen i første omgang sa han ville ta tilbake jordene, var det nok ikkje det han ville. Det var sjølve gjenkjøpsretten han ville selja til bøndene, for å skaffa pengar i statskassa. Truleg kjøpte Vaka-bøndene denne retten, for å sikra sjøleiga for seg og etterkommarane. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar