Trevland på Fogn i Finnøy
Ola Torgrimsen ca.1680 - 1760
Finnøy?
1714: Trevland, brukar.
1758: Trevland, folgefolk.
1760: Trevland, 80 år.
- G. m. Udbjør ca.1682 - 1765
Finnøy?
1758: Trevland, 76 år, folgefolk.
Born.
a. Peder 1717. Trevland.
b. Siri c1718. G. m. Peder Asbjørnsen. Trevland.
c. Anna 1722. Bø.
d. Inger. G. m. Ola Belestsen. Langelandsbøen.
Peder Asbjørnsen f. 1724 d. 1795
Eik i Sjernarøy, Selvåg.
I 1760 kjøpte han eit bruk i Travland i Fogn.
I 1772 kjøpte han også bruk A, men selde det like etter.
Ved skiftet etter Siri 1776 var netteo formue noko over 278 rdl.
I 1781 vart det tgl. makeskiftebrev der Peder og sonen Asbjørn overdrog til Jon Torkelson bruk B på Trevland for 200 rdr.
I tillegg til dei 200 rdr. kontant avstod Jon bygselsetelen han hadde til 1 laup 18 mrkr. smør i Tjøstheim til Asbjørn.
Peder flytte truleg med den nye kona si til Krogevold, der ho hadde sikra seg folga.
Brukar ca. 1746-1781. Då Guri døydde i 1790 flytte Peder tilbake til Trevland.
- G.1. 1745 m. Siri Olsdatter c1718 - 1775.
Trevland.
- G.2. 1780 m. enke Guri Torsdatter 1731 - 1790.
Krogevold i Strand.
Barn 1.
1. Ola 1747 - 1747.
2. Kirsti 1749. Trevland.
3. Udbjør 1754. Trevland.
4. Asbjørn 1758. G. 1782 m.Kristi Torkelsdatter. Han vart gift to gonger til. Tjøstheim i Strand.
5. Siri 1762, døydde tidleg.
Jon Torkelsen f. 1751 d. før 1799
Kvalvåg. Tjøstheim i Strand.
Jon skulle etter bygselbrev av 1771 styra 1 pund 18 merker smør og 10 spann korn i Tjøstheim. Han var deretter brukar fram til sutten av 1770-åra då dei flytte til Trevland på Fogn.
Ved skiftet etter Gunhild i 1781 var bruttoformua 93 riksdalar og av dette var 68 dalar netto.
På skifte etter han var det formue som utgjorde 441 ½ rdl. Jordegodset 350 rdl. og løsøre 91 ½ rdr. I buet var det ei hoppe 10 rdr., tre kyr, ei kvige, tre stutar og nokre få sauer. Av verdifulle einskildgjenstandar elles kan nemnast ei stor gryte 6 rdl., ein seksringsbåt 5 rdl., ein lysestake av messing og nokre sølvskeier.
- G.1 1772 m. Gunhild Ivarsdatter c1731 - 1781
- G.2 1781 m. Udbjør Pedersdatter 1754 - 1820.
Trevland.
Tida etter at mannen døydde var ei tung tid for Udbjør. I 1802 miste ho dei to yngste borna berre med nokre få vekers mellomrom.
Brukar 1799-1807. I 1807 gav ho skøyte til eldstesonen Peder og tok folga.
Barn 1:
a. Kari 1772 -1785.
b. Anna c1774.
Barn 2:
c. Gunhild 1782. Egrå.
d. Peder 1784. Trevland.
e. Siri 1788 - 1789.
f. Torkel 1790 - 1825.
g. Jon 1792 - 1821, spedalsk.
h. Siri 1796 - 1802.
i. Udbjør 1799 - 1802.
-- Jon hadde er forh. m. Anna Danielsdatter
j. Anna 1780.
Peder Jonsen 1784 - 1872
Trevland.
Brukar 1807-1840.
I 1840 overførde Peder gardsbruket til sonen Jone for 600 spd.
- G.1 1811 m. Anna Jensdatter 1784 - 1847
Vardland på Fogn.
- G.2 1849 m. Anik Pedersdatter
Bratt-Hetland i Hjelmeland.
Hun hadde tidlegare vore gift med Knut Klengson på Sørskår. I sitt ekteskap med Knut vart ho mor til elleve born.
Barn 1:
a. Udbjør 1811. G. 1843 m. Jon Rasmusson. Haukali i Forsand. Udbjør flytte tilbake til Trevland sist i 1870-åra og døydde der.
b. Kari 1813. G. 1838 m. Bjørn Knutson. Storevik.
c. Jone 1815. Trevland.
d. Jens 1818 - 1821, meslinger.
e. Peder 1819. Barn: Anne Marie 1845 -1846 m. Helene Marie Larsdatter. Trevland.
f. Jens 1821. Trevland.
g. Gunnar 1824. G. 1850 m. Ingeborg Gunnarsdatter. Rodahagen, smed.
h. Anna f. 1826. Konf. 1840. Utfl. Høgsfjord 1868.
-- Peder hadde et forh. m. Malene Sveinsdatter Sandanger.
i. Jone 1837 , døydde åtte månadar gamal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar