Lunde, Ølen i Vindafjord
Lunde Øvre
Tørres Anbjørnsen
Ile i Vikedal.
Tørres tok over garden truleg sist på 1630-talet.
Han var av ei rik ætt, og var sjøl ein velhalden mann. Derfor kunne han kjøpa opp ei rad jordepartar i Øvra-Lunde, derimellom øydegarden Brekke og Fosneparten. Det kom vel med at Tørres åtte mange pengar. For kring 1640 kom han i skade for å ta livet av ein mann. Då kjøpte han seg fri med kongen og hans menn: Ei såkalla sakefallsliste frå 1641 fortel at Tørres Lunde betalte seg fri for «et Mandrap» ved å gje sju dalar. Men segna har meir å fortelja: Tørres kom i strid med ein skotte på Eikjeland, og det enda med at han tok livet av skotten. Han skunda seg heim att til kona i Lunde og fortalde kor ille han var ute. Det gjalt å berga livet. Så auste han sølvpengar oppi to traug. Den eine skulle ho straks by kongens menn når dei kom til gards og spurde etter han. Godtok dei handelen, trauget med sølvmyntar mot at Tørres gjekk fri, skulle Lundekona hengja ut eit kvitt plagg. Nekta dei, fekk ho by dei det andre trauget og. Sjøl for Tørres opp i liane og gjøymde seg i Sjursuro. Det gjekk slik Tørres hadde tenkt seg. Etter fire veker stod kongens karer i tunet. Lundekona bar fram det første trauget fylt med sølvmyntar: Det var eit tilbod dei slett ikkje greidde å stå imot. Snart kunne Tørres registrera at det kvite plagget var komme fram. Han gjekk strake vegen heim, som ein fri mann. Om ikkje alle detaljane i denne segna er historisk rette, er kjernen både rett og sann: Tørres drap ein mann og kjøpte seg fri med klingand mynt. Han er blitt kalt «den galne lensmannen» som drap eit menneske og deretter kjøpte seg fri med klingande mynt. Seinare kom det nye og mykje strengare lover som påbaud dødsstraff for drap og som gjorde slutt på retten til frikjøp.
Seinare vart han kjyrkjeverge. Derfor var det han som førte sak for Ølen kyrkje, etter at Svein Øvrabø hadde slakta eine kyrkjekua og ikkje ville betala for leiga. Svein vart dømd til å betala, endå det var «en Svack og Udøgtig Koe med 3 spenner».
Kring 1650 vart Tørres lensmann i Fjelberg skipreide. Det var nok god ætt og mange pengar som gjorde Tørres til Lensmann. Vandelen var det så opp og ned med. Han heldt seg ikkje alltid til lova. Han har teikna bumerket sitt på mangt et dokument.
Denne karen hadde mange pengar. Så han gav seg til å kjøpa opp eigedomspartane i Lunde, og likeins alle øydegardane. Dels lånte han pengar til jordeigarane mot å få pantebrev på jordepartane. Den panten vart aldri innløyst. Berre klosterparten i Kåta kunne han ikkje få hand om.
I 1665 reiste han så sak mot Johannes på Nora-Berge «formedelst han med fæbed indtrænger sig over lovlig skiel og markestene, ind paa Thørris tvende øde Jorder Røe og Kaatte». Den 26 juli var retten samla i Lunde. Tørres tok domsmennene med seg i marka og peika ut hustuftene og åkerreinane på dei to øydejrdene, og likeins bøgardane: «Straks hos og vestenfor befindes øde Jordens bøegarad, og løber tvert ned i Søen». Bergsbonden meinte dette var skiftesgarden mot Berge, mens Lundemannen påstod det var bøgarden til dei to øydejordene og at utmarka vestanfor var «samme tvende øde Jorders Udmark». Retten gav Tørres Lunde medhald i dette, «ettersom til ødegaardene også endelig bør være hage».
- G. 1. m. Ukjent kone
Ølen?
- G. 2. m. Anna Pedersdatter
Kåda i Ryfylke?
Den «ærlige og gudfryktige» Anna Pedersdatter.
Barn 1:
a. Ingeleiv. G. m. Tjerand Larsen. Tveit.
Barn 2:
b. Per. Lunde.
c. Sissela. G. m. Tollak. Arnavik i Fjelberg.
d. Kari. G. m. Ola Paulsen. Eio.
e. Anbjørn c1650. G.2. m. Guro Siggesdatter. Ulvanes.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar