Hommarsåk i Riska

Hommarsåk i Riskekvervena. 


a. Hommarsåk


Lars
Han er nemnd her i 1563, men då må han nettopp vera kommen til gards for han var brukar ennå i 1606.
Lars var med på Høle skipreideting i 1591 og valde utsendingar til konge-hyllinga som skulle ver i Oslo. Bumerket hans finst på fleire dokumenter.
Som lagrettemann var han i 1597 med og dømde i ein nabotvist på Riskagarden. Den domsavgjerda blei innstemd for Herredagen i Bergen i 1599, men klagaren kom ikkje nokon veg med det..
Dei siste åra tok Lars sonen sin, Torkel inn på garden som medbrukar. Dei er nemnde som brukarar begge to både i 1603 og i 1606.
BARN:
a. Torkel. Hommarsåk.


Torkel Larsen d.f.1646
Hommarsåk.
Torkell høyrer me om fyrste gong i 1599. Då det spissa seg til i saka mellom lensmannen Asbjørn på Ims og villstyringen Rasmus Taraldsen på Haualand, blei «Guttorm Hedtlandt och Tørckildt Hammersang» sende med eit skriv til biskopen i Stavanger.
Som brukar av garden på Hommarsåk er han nemnt frå 1603 av. Dei fyrste åra var han medbrukar saman med faren, men seinare frå 1610 brukte han heile garden åleine. Kan henda hadde han garden så lenge han levde. I alle fall var han brukar ennå i 1644 og i 1646 blir han omtalt som død. Torkell er fyrste gong nemnt om lagmann i 1616. Sidan var han jamt med i styr og stell på bygdetinget. Ellers var han ein av dei få i bygda som hadde fått utlevert gjevær (det står i lensrekneskapen for 1617.
G. m. Herborg Olsdatter
I tingboka for 1654 kan me lesa at ho var syster til Jon Olsen Åsland i Time. Jon døydde barnlaus og Torell Hommarsåk hadde i 1609 fått lagmannen til å setta opp ei liste over det odels-, kjøpe- og pantegodset Jon hadde sete med og korleis det skulle skiftast mellom enkja etter Jon Årsland og Herborg. Det kan altså ikkje ha vore fleire sysken. Me får vita at Jon og Herborg hadde odel i Åsland. I tillegg hadde Jon kjøpt og fått i pant meir jordegods i garden, så han til slutt sat som eigar av halve Åsland. Enkja hans levde heilt til ca. 1652 og sat som brukar av Jon sin part i garden så lenge. Fyrst etter at ho var død, reiste Herborg sine etterkommare odelssak mot enkja sine arvingar. Og Herborg sin soneson vannsaka om bruksrett, sidan han var odelsarving. I denne saka ble det lagt fran dei papira Jon hadde på dei forskjellige eigarpartane sine i garden. Dei fleste var kjøpe- og pantebrev, og dei forteller oss derfor ikkje noko om foreldrene hans. I Time g.o.æ. er ein Ola Omundsen sett opp som far til Jon og Herborg, men Jon kjøpte jordegods av han så det var nok ikkje faren. Derimot blei det også lagt fram «Jt gammelt velfor seiglet Pergamendtbreff» der det stod at Ola Navarsen i 1563 fekk tingsvitner på at han hadde kjøpt ein part i Åsland. Dette må ha vore faren til Jon og Herborg, ellers ville ikkje dette gamle brevet ha nok meining i odelssaka i 1654.
BARN:
a. Ola. Han fann seg kone på Dale og hadde fyrst eit underbruk der, sidan flytta han inn til Lauvås og dreiv garden der. I den nemnde rettsaka om brukstetten til Åsland Time, blir det opplyst at Ola var eldste son.
b. Rasmus. Han hadde garden på Lauvås etter broren Ola, g. m. Marit.
c. Lars c1621. Bonde på Hommarsåk etter faren.
d. Randi. G. m. Helge Johannesen Hetland.
e. Karen c1609. G.1. m. Ola Tørresen Søra Hogstad. G.2. c1652 m. Nils Olsen Søra Hogstad .
f. Dotter. G. m. Anders Johannesen Stora Hetland i Høyland.
g. Åse. G.1. m. enkjemann Ingebret Helgesen Stokka i Høyland. G.2. m. enkjemann Per Ellingsen Stokka.
h. Dotter. G. m. Rasmus Hallvardsen Eikeland i Time.


Lars Torkelsen c1621 - 1677
Hommarsåk.
Lars tok over garden i 1645 og han budde her ennå i 1646. Men ikkje lenge etter reiste han herifrå. Allerede i 1645 hadde han gitt eit oppladelsesbrev til ein annan, sånn at denne nye karen kunne bygsla garde. Lars fekk seg sidan gard på Haga i Høyland i 1654.
G. m. Berit Tollaksdtr. 1616.
Seinare g. m. Kristoffer Olson Tjelta i Sola.
BARN:
a. Torkell. Alsnes.
b. Tollak 1657. G. 1695 m. Siri Ellingsdatter 1668. Tømmermann i Stavanger,
c. Gabriel 1660. G.1. m. Kirsti Gunnarsdatter Dale, G.2. m. Berit Styrårsdatter: Budde på Dale i Hetland.
d. Herborg. G. m. Daniel Jonson Høle. Kylles.



b. Hommarsåk Vågen

Nils Rasmusen c1740 - 1816
Ytre Skeivik under Lerang i Forsand.
Nils var husmann i Vågjen i 1759. I 1788 sa han opp plassen på grunn av alderdom og svaghed, til fordel for svigersonen. Einar Ivarsen. Så budde han som folgemann her i noke år, men i 1798 gifta han seg på nytt og overtok plassen Urå under HetlandPrestegard.
G.1. 1757 m. Magel Knutsdatter 1726 - 1791.
Bergsvik under Berge i Kålabygda i Forsand.
G.2. 1798 m. Berta Olsdatter c1752 - 1812.
Frøyland.
Ho var før gift med Hallvard Danielsen. Han var fyrst husmann i Beivigjå under Hommersåk. Seinare i Urå under HetlandPrestegard.
G.3. m. Marta Eriksdatter d.e.1817.
Barn 1:
a. Gunvor 1759 - 1771.
b. Åse f. 1762. G. 1788 m. Einar Ivarsen som tok over denne plassen. Hommarsåk Vågen.
c. Marta 1764 G. 1786 m. Ådne Torkellsen frå Lauvåsvågen i Eltarvåg. Han var husmann på plassen Tangjen under Skadberg i Sola.
d. Magel 1766. G. 11788 m. Nils Torsen, husmann i Breivigå.
e. Kirsti 1768 - 1771.
f. Sofia 177, G. 1800 m. Tormod Ådnesen, husmann på Grunnen under HetlandPrestegard.


Einar Ivarsen 1766
Eltarvåg.
Han fekk bygselbrev på plassen i 1788. «i stæden for Dags Arbeyde i vinnens tid» skulle han betala tre riksdalar i året. Han skulle ha «kiærlig tilsiun» med dei gamle svigerforeldra sine, men han måtte «ikke indtage Inderster eller Huusmænd». Og så la bonden på garden til at han måtte «ey uden min Tilladelse hugge eller med andre lade forhugge Skoven der ligger til min Gaard». Og «for at græsse sine Creature» skulle han betala 16 skilling i året. Einar var husmann her ennå i 1817, sidan budde han på Kalvøynå.
G. 1788 m. Åse Nilsdatter 1762
Hommarsåk Vågen.
Barn:
a. Berta 1790 - 1790.
b. Ivar 1792. G. 1813 m. Olena Andersdatter Eide. Høker i Stavanger,
c. Malene 1795 G.1. 1814 m. enkjemann Gunnar Gunnarsen Nora Hogstad. G.2. 1825 m. Johannes Hansen Nora Hogstad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar