Rødno i Ølen

Rødno i Ølen


Erik Rødno
Ølen.
1625: Rødno, skattet.
1645 Rødno, betalte koppskatt for seg, kona og ei tenestejente.
- G. m Ukjent kone
Born:
a. Jon ca.1622. Rødno.



Jon Eriksen ca.1622
Rødno.
1657: Rødno, betalte kvegskatt for 1 hest, 7 kyr, 4 ungbeist, 5 geiter og 6 sauer.
Våren 1668 finn me han i tinstova på Hysingstad på Stord. Han og andre bønder klaga seg over «Lauritz Sands besigtigels», det vil seia på skattekommisjonen som hadde reist rundt i Sunnhordaland under Lauris Sand si leiing og justert dei gamle matrikkelverdiane, som låg til grunn for skatteinnkrevinga. Nå ville dei samla allmugen og få sendt av garde eit klageskriv til kongen. Laurits Sand og kommisjonen hans slo fast at Rødno låg noko «op til dals» og hadde ingen andre næringer å by på enn det jorda gav. Åkrane var gode, medan enga og fehagen ikkje var fullt så bra.
- G. m Ukjent kone
Ølen?
Barn:
a. Johannes c1655.
b. Hans c1657.
c. Erik c1660. G. m. Kari Larsdatter. Frøland i Sandeid.
d. Torbjørn c1664. G. m. Guro Siggesdatter. Oppheim.
e. Siri.
f. Åsa. G. m. Jakop Åmundsen. Nerheim, Økland, Stongaland.
g. Sjur.



Erik Sjursen  c1737 - 1831
Etne?
Dei var husmannsfolk på Grindheim i over tjue år innan dei drog frå bygda. Dei kom til Rødno omkring 1780 og budde på Røssplasset.
Det vart halde skifte etter Siri i april 1784. I buet finn me fem småhus, ei gammal tømra røykstove med nevertak, ein forfallen liten tømmerfjos uten tak og dessutan tri nevertekte småhus, høyløe, smalahus og matbu. Men elles viser buet små verdier.
Han gifta seg opp att med Brita Torsteinsdatter.
Erik gifte seg tredje gongen med Bodil Hansdatter. Han vart buande her til sin døyande dag, i januar 1831. Då var han hundre år, opplyser kyrkjeboka, og han hadde vore gift tri gonger. Men det er nok ei overdriving. Held me oss til folketeljinga i 1801, skulle han ha runda 94.
- G.1. 1772 m. Siri Eriksdatter d.f.1784.
- G.2. m. Brita Torsteindatter c1752 - 1816
Auastad.
- G.3. Sommaren 1816 i Sandeid kyrkje m. Bodil Hansdatter 1779.
Helgeland i Sandeid.
Ho vart G.2. m. ein Ola Jensen "Norem" og flytta her ifrå.
Barn 1:
a. Johannes 1773. G.1. m. Sissela Olsdatter. G.2..m. Anna Eliasdatter. Stumo, Nerheim, Gjerdevik.
b. Kari 1776. Forh m. soldaten Sjur Nilsen Dørheim Barn: Erik. Ho Hadde og eit barn med Rasmus Heljesson Kåtabø. G. m. Ådne Andersen. Øvre Valo i Valestrand, Sveio.
c. Madela 1779. G.m. Lars Torbjørnsen. Haugland.
Barn 2:
d. Torstein 1792. G.m. Susanna Johansdatter. Hiksdal.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar