Riska i Riskekverven
skr. Riske og Rischa
Jon Ormsen
Han hadde den eine parten av garden i 1563, men då må han ha vore ein ung mann. Jon brukte nemleg gard på Riska til omlag 1600. Utanom den vanlege leiglendingsskatten i 1563 måtte han ut med 22 ½ skilling av landskyldinntekt. Den inntekta dei fekk av jordegods blei den gongen skattelagd med 50%, så Jon må det året ha fått inn 45 skilling i landskyld av jord som han leigde vekk. Skattetaksten var 1 dalar (=48 skilling) for 1 laup smør. Han eigde altså noko mindre enn ein laup, heilt nøyaktig var det 2 bismerpund og 9 ½ mark smør.
I 1591 var Jon med på bygdetinget som lagrettemann og valde utsendingar som skulle reisa til Oslo for å hylla kong Kristian IV. Ein av dei som reiste var Salve på Frøyland. Utover i 1590-åra hadde Jon mykje bry med den andre oppsittaren på garden. Det dreide seg både om åkerteigar og fiske, men det kom fram at det var den andre som heile tida skulle egla seg innpå Jon. Kan henda han ville prøve seg nå når Jon var så gammal (ref. under oppstykkinga av garden). Siste gong Jon er nemnt, er i 1599.
BARN:
?. N.N. Jonsdatter g .m. Torkel på Riska Riska 5.
?. Malena (Magla) ?, g.m. Ola Gunnarsen Riska 8.
Torkell d.1642
Han er nemnt som oppsittar på Riska-garden i 1603, og må då nettopp ha løyst av den gamle Jon Ormsen på hans part av garden. Sidan finn me Torkell i alle skattelistene fram til han døydde i 1642. I tingboka for 1639 står det at han hadde hatt gardsbruket sitt «vdj Mange Aar». Omkring 1610 overlot Torkell halvdelen av denne parten til ein annan. Denne andre karen, Ola Gunnarsen, eigde i 1644 11 spann korn, og akkurat like mykje eigde Torkell sine arvinger det same året. Samanlagt blir det 22 spann, altså snaut 1 pund korn. Det er same mengde jordegods som Jon Ormsen hadde hatt i si tid, så Torkell og Ola var kanskje gift med kvar si Jons-dotter.
Torkell var lagrettemann i 1623, og i 1629 skulle han vera med på lagtinget som nemdarmann. I 1639 ville jordeigaren driva bøndene frå Riska og bruke garden sjølv, men det blei likevel ikkje noko av det. Me får då vita at Torkell «lae wed Sengen Siugh». Han tok vel til å bli gammal nå, og kan henda kom han seg ikkje meir heller. Han er nemnt sidte gong jonsok 1642, og hausten det året hadde «Encken» garden hans. Ho heitte Ingeborg Njellsdatter og kan ikkje ha vore dotter til Jon Ormsen, men det var stor aldersforskjell på barna til Torkell så han var nok gift to gonger.
G.1. m. N.N. Jonsdatter
Riska.
G.2. m. Ingeborg Njellsdatter c1642
Frøyland.
Nemnt i 1639. Etter at mannen var død, blei ho sittande med gardsbruket eit par år («Enchen» er nemnt i 1642, 1643 og 1644). Ho hadde ei dotter som heitte Siri, så me kan jo gissa på at foreldra hennar var Siri og Njell Olsen Frøyland.
BARN 1:
a. Dotter. G. før 1643 m. Ola Mikalsen, som tok over gardsbruket.
BARN 2:
b. Siri. G. c1660 m. Helge Trondsen, som hadde garden seinare. RISKA.
Helge Trondsen c1640 - 1689
Lyse i Forsand.
Det er fleire manntal frå denne tida og alderen til Helge er oppgitt svært forskellig, men to prestemanntal og den alderen som blir oppgitt då han døydde stemmer sånn noenlunde. Dette passer og med at han ikkje gifta seg før omlag 1660. Etter futen sine oppgaver skulle han derimot ha vore mykje eldre. Helge kom inn på på denne parten i plassen for Ola Mikalsen. Han blir nemnt her fyrste gong i 1661 og hadde sidan garden til han døydde.
Ein søndag i november 1682 var Helge og to andre Riskabuer i byen. Der kom dei i hop med nokre byfolk og dei kjøpte seg øl som dei drakk under «aftensangen» (ref. Saml. Stav. hist. bind III s 177).
Då Helge var død, blei det han etterlot seg taksert til snaut 43 dalar. Han var dermed den som sat tringast i det av alle på Riska-garden på den tida, dei andre hadde dobbelt så mykje og vel så det.
G. ca. 1660 m. Siri Torkelsdatter d.e. 1689
Riska.
BARN:
a. Marit c1661. G. 1688 m. Tollak Bergsen, som overtok gardsbruket. RISKA.
b. Torkell 1666. Han var soldat i 1681 og 1689, sidan budde han i Stavanger. G. 1690 m. Marta Jakobsdatter.
c. Ingeborg d.f. 1689. G. m. Ivar Torbjørnsen Eltarvåg.
Ola Gunnarsen d.f. 1646
Han var kanskje frå Jørpeland sidan han eigde ein part i den garden.
Ola fekk overta halvdelen av den parten i Riska-garden som Torkell hadde brukt frå århundreskiftet.
Ola blir nemnt fyrste gong i 1610 og han hadde garden til den eine sonen overtok i 1645.
Ola var ny som lagrettemann i 1636, men sidan blei han mykje nytta som det. Han sette bumerket sitt under skattelistene fleire gonger.
I 1636 saksøkte Ola arvingane etter Ivar Jørpeland «Anlangende det hand for Rum tiid siden» hadde pantsett 8 spann korn i Jørpeland til Ivar for 20 riksdalar. Han fekk løysa det pantsette jordegodset sitt og sidan hadde han det sjølv. Etter han var død, var det sonen Anders som eigde det
G. m. Malena Jonsdatter
Riska 4
Ho kan ha heitt Malena (Magla) sidan to av sønene har døtre med det namnet.
BARN:
a. Nils c1612. Han var nok ikkje så gammal, for han blei ikkje gift og fekk barn før ut i 1650-åra. G. c1652 m. enkja Karen Torkellsdatter frå Hommarsåk. Bonde på Søra Hogstad. Både Nils og Karen var med på befaringa om kor skiftet gjekk mellom Riska og Hommersåk i 1666.
b. Sgmund c1615. G.1. ca 1639 m. (enkja?) Berit Bendiksdatter. G.2. m. Herborg Helgesdatter Hetland. Bonde på Uskjo frå 1639. I 1677 var Sigmund verge for den eine dottera til broren Anders, og me får då vita at han var farbroren hennar.
c. Torkell c1615. Han var nok ikkje fullt så gammal, for i 1652/53 var han nygift. Då måtte han bøta med 1 ½ dalar for hans «Quinde kom fortillig». Bonde på Alsnes i Høyland. G.1. m. Marit Eriksdatter Haga. g.2. m. Asgjerd Helgesdatter Indre Lima. I 1666 var Torkell med og viste kor skiftet gjekk mellom Riska og Hommarsåk.
d. Anders c1616. Overtok faren sin part i Riskagarden.
e. Torbjørn c1618. G. c1660 m. enkja Siri Rasmusdatter Eltarvåg. Ho hadde pengar til gode då det blei halde skifte etter Lars Olsen Riska i Stavanger i 1680. Torbjørn var med og påviste skiftet mellom Riska og Hommersåk i 1666.
f. Lars. Han var ennå ein ung mann i 1659, for då var han ein av dei 93 knektane som blei sende med løytnant Ole Fredtzell til Kristiania. Sidan budde han i Stavanger der han hadde «Hus og grund med et lidet stykke haugeplads». Lars tok borgarskap i byen. Han døydde i 1680 og var truleg ikkje så svært gammal, for i 1684 budde fortsatt fire av dei fem barna heime hos mora. Lars var g. m. Jorunn Torsdatter.
g. Marit. G.1. m. ein ukjent Arne. G.2. c1650 m. enkjemann Knut Gardsen Hetland. I 1662 selde Torbjørn Eltarvåg på vegne av stesonen Sevrin åseteretten til ein part i Hetland til Knut, «huilchet Knud hetland, hans hustrue Och Arffuinger schall Niude bruge och beholde». Denne omtanken for Knut Gardsen si kone og hennar arvingar, gjer at det ligg nær å tenkja at ho var syster til Torbjørn Olsen.
Tollak Bergsen 1655 - 1735
Langhus i Heskestad.
Tollak bygsla denne parten av Riskagarden som svigerfaren hadde hatt.
G. 1688 m. Marit Helgesdatter c1661 - 1749
Riska.
BARN:
a. Anna 1689 - 1690
b. Berg 1691 Overtok gardsbruket c1720.
c. Anna 1696. G. 1719 m. Lars Gabrielsen Dale.
d. Siri 1699. G. 1734 m. enkjemann Bjørn Rasmusen Riska.
e. Marit 1702 - 1707.
f. Ola 1705 - 1707.
Erik Nilsen 1659 d. 1728.
Øvre Tasta i HetlandSkipreide.
Erik bygsla den parten som Anders Olsen (d.y.) hadde hatt. Anders døydde i 1677, og Erik ser ut til å ha budd her frå tidleg i 1680-åra. Kan henda var Erik i slekt med Anders si enkja, Siri Tjølsdatter, Tjøl var eit mykje nytta namn i Gjestal, og ifylgje det sjømilitære manntalet frå 1706 hadde Eirik syskenbarn på Helland i Gjestal. Det var den garden som Anders si svigermor hadde eigd ein part i. Etter ei stund fekk Eirik kjøpa gardsbruket han hadde og Riska. Fram til då var det rikfolk i byen som hadde eigd garden, men i 1705 fekk Eirik skjøte på den eine halvdelen av Jørgen Thomesen og året etter på resten frå Johan Cvare. Det blei halde skifte etter kona hans i 1717, og det dei hadde blei då taksert til omlag 80 dalar. Alle bøndene på Riskagarden låg omtrent på det nivået på den tida, men det var dobbelt så mykje som eit vanleg bu på Jødestad eller Uskjo på same tid. Erik brukte denne parten til eine sonen overtok i 1723.
G. m. Gunhild Larsdatter f. ca. 1665 d. 1717
Nedre Tasta i HetlandSkipreide. Dotter til Lars Bergesen Nedre Tasta i HetlandSkipreide.
BARN:
a. Berit. c1683 - 1689
b. Lars. c1687. G. 1722 m. Inger Tolleivsdatter. Matros, budde i Stavanger
c. Kirsti 1689. RISKA
d. Nils. 1691. Soldat (matros). Han var ute 2 år under Den store nordiske krigen. Sidan budde han på Riska, ugift. Då han døydde 1748, etterlot han seg nesten 23 dalar i rede pengar, to sylvskeier og ei sylvskål, ei kiste med lås og to hollandske hattar.
e. Berit. 1694 - 1694.
f. Erik 1696. Bonde på Riska.
g. Berte 1700. G. 1726 m. Hans Trondsen Bjelland.
Endre Ivarsen 1661 - 1711.
Øvre Oftedal i Gjestal.
Endre bygsla i 1690 det restbruket som Per Endresen hadde hatt på sine gamle dagar, og sat sidan med det så lenge han levde. I 1705 fekk han kjøpa det aller meste av gardsbruket sitt. Det var etter det bare ein liten del som rikfolk i byen fortsatt eigde og som Endre måtte betala landskyld av. Då kona døydde var det verdiar for godt over 70 dalar i buet, altså omlag som gjennomsnittet på Riskagarden. Men då Endre døydde sjølv 17 år etter, var buet på meir enn 111 dalar. Han hadde både kjøpt garden sin og samla seg rikdom i denne tida. Kan henda det var den andre kona hans som førte så mykje velstand med seg. Blant dei tinga dei hadde, kan det nemnast: ei tinnskål, fire tinnfat og eit krus med tinnlokk. Vidare tre lysestakar, ein kjel og to kister.
G.1. 1690 m. Berit Olsdatter 1662 - 1694.
Haga i Sola.
Ved skiftet etter Berit i 1694 var broren hennar, Rasmus Meland, verge for dei umyndige barna. Berit må altså ha vore frå Haga i Sola, der Rasmus kom frå, noko allerede Jakob J. Jåthun hadde komme fram til. I Sola boka s. 119 står det at denne Berit Olsdatter Haga døydde i 1676 og blei gravlagd 22/2 det året. Det er feil, for ved skiftet etter foreldra seinare på året, den 6/6-1776 var ho i live. Då blir det nemnt dei tre syskena: Rasmus Meland, Breit gift på Haga og ei yngre Berit.
G.2. føre 1698 m. enkja Ingeborg Torsdatter. d. 1725.
Ho hadde før vore gift med Tjerand Rasmusen Høle. Etter at Endre var død, flytta ho til Stavanger og budde i Østervåg. I 1711 heiter det om henne: «En fattig enche, Nærer sig af Spinderochen for andre».
BARN:
a. Sven 1691. Bonde på Riska etter faren. RISKA.
b. Berta 1694, g.1. 1719 m. Erik Eriksen Riska 17 (d. 1740), g.2. ca. 1744 m. enkjemann Jon Olsen Riska 18.
Sven Endresen 1691 - 1750.
Riska.
Sven overtok gardsbruket då faren døydde i 1711 og hadde det til 1746. Utanom garden dreiv han nokså mykje fiske. Og så må han ha vore snekkar, for ved skiftet etter han får me vita at han hadde åtte forskjellige høvlar, fleire navarar, økser og sag.
G. 1712 m. Kirsti Eriksdatter 1689 - 1752
Riska.
BARN:
a. Endre. 1712 - 1717
b. Inger. 1715 - 1718
c. Berta. 1718. G. 1736 m. Rasmus Torsen Skjørestad.
d. Endre. 1721 - 1723
e. Endre f. 1723. Overtok garden. RISKA.
f. Gunhild 1727. G. 1745 m. Kristen Olsen Hommersåk. Han hadde fyrst gard på Gramstad, så Folkvor og Kjedeland. Til slutt på Kleppe i Klepp.
g. Erik. 1730. Nemnt i 1750.
h. Eit barn, d. 1736
Endre Svensen 1723 - 1791
Riska.
Han hadde fyrst Gramstad-garden i Høyland, men overlot den til svogeren Kristen Olsen i 1745. Så kom Endre til Riska og overtok garden etter faren sin. I 1746 fekk han kjøpa den litle resten av gardsbruket som byfolk hadde eigd til då, og i 1747 løyste han av faren i futen sine kassabøker. Endre hadde denne parten til 1773. Då kona hans døydde i 1780, får me vita at dei hadde fått samla seg verdiar på nær innpå 250 dalar. Dei hadde gullring, sju sylvskeier og ei sylvskål. Og så hadde dei mange tinnfat og tinntallerknar.
G. 1744 m. Birthe Larsdatter 1724 - 1780
Dale.
BARN:
a. Sven 1746 - 1746
b. Sven 1747. Bonde på Riska.
c. Lars. 1751 - 1751
d. Anna 1752. G. 1781 m. Ivar Ivarsen Skjørestad.
e. Lars 1756. Nemnt i eit sjømilitært manntal frå 1778. Han var «søevandt». Lars er ikkje nemnt ved skiftet etter mora.
f. Endre 1759 - 1771
g. Kristian. 1763 - 1771
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar