Hausland i Erfjord
Nils Hausland d.ca.1663
Erfjord?
1645: Hausland, bruker.
- G. m. Turid Hausland
1645: Hausland, bruker.
- G. m. Turid Hausland
Erfjord?
Det vart ei stygg trolldomssak mot Turid Hausland i 1663. Der var Knut Mikkelsen Hausland og Borgny dei verste vitna mot henne. Dei ville få det så til at Turid var skuld i at sonakona hennar, Johanna Eiriksdatter, var fortrolla og måtta lata livet av sjukdom ho hadde sett på henne. Det kjem elles mykje stygg bygdesladder fram i denne saka. Og det kjem og fram kor folk i denne tida var tekne av trolldomstru. Men ingen andre vitne enn grannekona Borgny Hausland og mannen hennar, Knut Mikkelson, hadde noko vondt å vitna om Turid, som sa seg heilt skuldlaus i det dei hadde mot henne. Dette gjorde ho eiden på. Og det var ein stor eid. Ho la høgre handa på lovboka og sa høgt og tydeleg etter den eiden som vart forelagt på tinget at ho i den saka ho var skulda for, var reint fri og skuldlaus. Aldri hadde ho lært eller kunne med trolldom. Og om ho nå svor rangt, då ynskte ho alt det gode som Kristus med si heilage pinsle og daude, oppstode og himmelferd hadde gjort og tent for henne til æveleg sæle, skulle verta henne til æveleg daude og fordøming, så ho kom i hendene på Helvetes meistermann og skulle pinast i all æve. — Føre eiden hadde 11 dylskvinner tala for henne så godt dei kunne. Dei var av retten tilnemnde til dette. Og etter eiden hennar kom dylskvinnene fram og svor at ikkje rettare dei visste, hadde Turid Hausland svore rett. Deretter vart Turid Hausland frikjend i alle måtar. Men Jamen hadde det vore eit fælt halvår for henne med fangenskap hjå futen o. a. Når ein les om denne trolldomssaka som Torkel Mauland har teke eit utdrag av or tingboka frå denne tida, så er det som det rys i ein av all den ovtru og styggeskap som kjem fram i samhøve med dette. I sanning var det ei mørk tid som både kyrkje, embetsmenn og våre beste menn i bygd og by var fengde av.
Turid var enke i 1664.
Barn:
a. Siver 1636. G.1. m. Johanna Eiriksdatter. G.2. m. Marta Knutsdatter. Hausland.
b. Kari. G. m. Gaute Fjetland, Jelsa.
Siver (Sjur) Nilsen 1636
Hausland, f. i Hjelmeland.
1666: Hausland, bruker.
1670: Siver Hausland ½ pund.
1702: Sivers arvinger ½ laup.
- G.1. m. Johanna Eiriksdtter d.ca.1663
Erfjord?
- G.2. m. Marta Knutsdatter
Erfjord?
Barn 2:
a. Nils 1665. Tysse nr. 10.
b. Lars1667. G. m. Berta Olsdatter. Leiranger i Nedstrand.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar